We are hiring for 2023 (in norwegian only):

Aurland Hamnevesen KF er eit kommunalt føretak som driv hamner, planlegg og byggjer nye anlegg i Aurland kommune. Føretaket vart starta i 1999 samstundes med at cruisekaia i Flåm vart teken i bruk.
Flåm har posisjon som ein av dei ledande cruisehamnene i Noreg, samt at området er eit ettertrakta reisemål for nasjonale og internasjonale gjester.

Me tilbyr:

·         Gode løns og arbeidsvilkår

·         Grundig opplæring i arbeidsoppgåvene

·         Kursing innan fyrstehjelp og hjartestartar

·         Pulserande og internasjonalt arbeidsmiljø

·         God arbeidserfaring

Hamnevesenet søker etter kandidatar til to ulike stillingar. Drift og vedlikehald og drift, vakthald og vertskap:

Sesongmedarbeidar: Drift/vedlikehald

Aurland Hamnevesen skal tilsetja ein til  fire medarbeidarar i perioden 1. april til 30.september (Kan endrast ved behov eller for rette vedkommande). Det meste vil vera praktiske oppgåver som drift, vedlikehald, tilsyn og andre varierte oppgåver. Personen må og delta i fortøying av skip og inngå i naudsynt opplæring i ISPS. Andre arbeidsoppgåver kan førekomma. Løn etter tariff.

Arbeidsoppgåvene er blant anna:

·         Fortøying av cruiseskip

·         Førefallande arbeid på hamnevesenet sine områder i heile kommunen.

·         Rydding, reinhald og søppelhandtering på og rundt hamneanlegga og hamnevesenet sine områder

·         Vedlikehald av hamnevesenet sine grøntområdet og anlegg

·         Kontroll og inspeksjon av parkeringsområde (parkeringsvert)

·         Tilrettelegging for gjester og brukarar av hamnevesenet sine områder.

Me søker ein person som:

·         Har erfaring med praktisk arbeid

·         God fysisk helse

·         Er nevenyttig og båtvant

·         Tar initiativ, er ansvarleg og sikkerheitsbevist

·         Er serviceinnstilt og løysningsorientert

·         Fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver

·         Sett høg standard for kvalitet

·         Er utadvent og imøtekommande

·         Kan kommunisera godt på Norsk og Engelsk

For riktig kandidat vil det og væra moglegheit for opplæring og obligatorisk kursing som sikringsledar/ PFSO.

Sesongmedarbeidar Drift, vakthald og vertskap

Cruisekaien i Flåm er ei ISPS-hamn og er underlagt internasjonale reglar som set avgrensingar på tilgjenge til kaiområdet. Det vil difor være behov for vaktpersonell med sikringsoppgåver knytt til ISPS og oppgåver knytt til drift. For sesongen 2023 vil og sesongmedarbeidarane få fleire varierte oppgåver knytt til vertskapsrolla.  Dei ulike rollene vert fordelt ut frå kvalifikasjonar

Arbeidsoppgåvene er blant anna:

·         ISPS vakthald og kontroll

·         Inspeksjonsrundar

·         Fortøying av cruiseskip

·         Rydding, reinhald og søppelhandtering på og rundt hamneanlegga og hamnevesenet sine områder

·         Vertskapsrolle ovanfor cruisegjester

·         Kontroll og inspeksjon av parkeringsområde (parkeringsvert)

Me søker 10-15 personar som:

  • Tar initiativ, er ansvarleg og sikkerheitsbevist

  • Følgjer prosedyrar og retningslinjer

  • Setter høg standard for kvalitet

  • Er serviceinnstilt og løysningsorientert

  • Er utadvent og imøtekommande

  • Er fleksibel i forhold til arbeidstid

  • Har god fysisk helse

  • Kommunisera godt på Norsk og Engelsk

  • Har erfaring med service, vakthald og ISPS

 

Søknaden sendast innan 1.mars pr. e post til jon.olav.stedje@aurland.kommune.no.  Merk søknaden med stillinga du søker på.

Spørsmål kan rettast til driftsleiar Jon Olav Stedje på telefon 97 62 73 82 eller e-post jonolav@aurlandhavn.no

 

Previous
Previous

Nyskapande energiløysing for framtidas reisemål

Next
Next

Torgplass i Flåm 2023