Nyskapande energiløysing for framtidas reisemål

Ein ny rapport viser at det kan kuttast store mengder CO2-utslepp frå norske reiselivsdestinasjonar årleg. Berre i Flåm syner prosjektet at det kan kuttast heile 12 000 tonn CO2 årleg. – Ein må sjå heile destinasjonen under eitt, og lage ei omfattande tiltakspakke frå sjø til land som omfattar all reiselivsaktivitet, ikkje berre cruisetrafikken, seier hamnesjefen i Aurland, Tor Mikkel Tokvam.

Foto: Odd Mehus, NTB


Rapporten, som er støtta av Enova, er utarbeida av Aurland Hamnevesen og Hafslund Rådgivning, i samarbeid med Norway`s best, Sygnir, Hafslund, Ocean Hyway Cluster og miljøstiftelsen Bellona og skisserer berekraftige løysningar for framtidas reiseliv.

Bakgrunn for samarbeidet er Stortingsvedtaket frå 2018 som krev nullsutslipp av klimagassar for passasjerskip i verdsarvfjordane frå 1. januar 2026.

Konklusjonen i rapporten er at det årleg kan kuttast 30 000 tonn CO2-utslepp ved å etablere eit heilskapleg energisystem på turistdestinasjonen Flåm, der restkapasiteten frå landstraumanlegg vert utnytta til å elektrifisere transport på tvers av sektorar og teknologi.

– Slike ambisjonar og vilje til handling må støttast og heiast fram. Skal vi ta vare på verdsarvfjordane for kommande generasjonar, må det gjennomførast snarlege tiltak, og no viser Flåm at dei ynskjer nettopp det, seier seniorrådgjevar Sigurd Enge i Bellona. 

Han meiner at denne rapporten er ei god oppskrift på eit berekraftig reiseliv for andre reiselivsdestinasjonar.

Konseptet som er utgreidd, bygger på at ein ser heile destinasjonen under eitt.
– Det vil gje større utsleppskutt enn om ein berre ser på skipstrafikken, for ei berekraftig løysing for cruiseskip er berre ein liten del av det heile. Landstraum er nøkkelen. Tenker vi heilskapleg, kan vi utnytte restkapasitet frå landstraumanlegg til å elektrifisere transport på tvers av sektorar og teknologi, og sørge for eit skikkeleg sprang mot det heilelektrifiserte samfunnet, seier hamnesjefen og legg til at dei som står bak utgreiinga dekkjer heile verdikjeda, som gir integritet og garanterer for realisme og kvalitet i løysingane.

Eit utstillingsvindauge

Den store lokale reiselivsaktøren Norway’s best har også delteke i prosjektet.
– Vi har ambisjonar om å inkludere både sjø og land når vi skal utvikle berekraftige løysingar for framtidas reiseliv. Det viktige er kva ein kan få til av samla kutt i utslepp, ikkje om dei kjem på sjø eller land, eller om dei er hårfint innanfor eller utanfor verdsarvgrensa, seier Arve Tokvam, leiar for kommunikasjon og strategi i Norway’s best AS.

– Breidda av teknologiske løysingar som er skissert viser at det arbeidet som er gjort har stor overføringsverdi til andre reisemål, seier prosjektleiar Tale Marie Paulshus i Hafslund Rådgivning.

Sjøfartsdirektoratet har nyleg levert forslag til innretning av regelverk for nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026. I påvente av at teknologien for nullutslepp er moden for større skip, har direktoratet skissert ei overgangsløysing basert på biogass. Ei slik løysing vil bety stopp for cruise til Flåm etter 2026.  

– Planane vi no har skissert er avhengig av at vi får på plass auka straumtilførsel til Flåm og etablert eit landstraumanlegg. Men utan cruisetrafikk, ingen landstraum eller investeringsevne, og utan dei to nøkkelfaktorane kan ikkje dette innovative prosjektet realiserast. Landstraum er avgjerande, avsluttar hamnesjef Tor Mikkel Tokvam og legg til  at reiselivet i Aurland ynskjer å gå først i det grøne skiftet, og ikkje bli sitjande att på kaia i Flåm mens politikarane i Oslo vedtek symbolske klimakutt.

Tiltakspakken som er føreslege er omfattande:

·       Landstraum for større skip

·       Destinasjonslading for personbil

·       Mobil destinasjonslading for personbil

·       Hurtiglading for bussar

·       Sambruk hurtiglading for buss og tungtransport

·       Ladeløysing sambruk lokalcruise og Bergensbåten

·       Ladeløysing eller hydrogenfylling for RIB

·       Lading fritidsbåtar

·       Sol på eksisterande tak

·       Solcelleanlegg som parkeringsskugge

·       Grøne tiltak - avbøtande tiltak og bevaring av naturmangfald

Ved ønske om ytterlegare opplysningar eller kommentarar, ta kontakt med:

Tor Mikkel Tokvam, Hamnesjef i Aurland +47 412 02 088, tormikkel@aurlandhavn.no 

Tale Marie Paulshus, prosjektleiar, Hafslund Rådgivning AS +47 482 87 063, tale.paulshus@hafslund.no

Arve Tokvam, Norway’s best AS +47 907 85 950, arve.tokvam@norwaysbest.com   

Sigurd Enge, Bellona +47 970 87 533 sigurd@bellona.no

 

Om Flåm som reisemål
Flåm, som ligg i Aurland kommune, har gjennom 25 år etablert seg som eit fyrtårn i norsk reiseliv, med Flåmsbana og UNESCO-området Nærøyfjorden som dei store attraksjonane. Flåm har også status som ein av dei mest populære og velfungerande cruisehamnene i Europa. I dag framstår Flåm som eit heilårleg, heilskapleg reisemål, med eit breitt utval av opplevingar, aktivitetar, overnattings- og serveringstilbod. I 2019 omsette reiselivet i Aurland for meir enn 1 mrd. kroner, som utgjer 70 % av den totale omsetninga i næringslivet i kommunen. Den strategiske satsinga på reiseliv har skapt hundrevis heilårs arbeidsplassar i denne næringa dei siste åra, og har gitt grobotn for knoppskyting av mange nye bedrifter. Det er også gjort kontinuerlege investeringar i auka kvalitet og nye produkt og opplevingar. Ikkje minst er det vist både evne og vilje til å satse og investere i innovative og berekraftige transportløysingar, m.a. nullutslepps sightseeingfartøy på fjorden.     

 

Previous
Previous

Press release: Innovative energy solutions for future destinations (English)

Next
Next

We are hiring for 2023 (in norwegian only):