Vil du representere eit av Norges leiande reisemål?

I høve gjennomføringa av sesongen 2023 samarbeider Visit Sognefjord og Aurland Hamnevesen KF om stillinga som sognavert. Dette for å være vertskap og informasjonspunkt for dei besøkande, samt ivareta interessene for næringslivet både lokalt og regional. 

Arbeidsoppgåvene vil blant anna bestå av turistinformasjon, ta imot cruiseskip, halda Flåm representabelt for dei besøkande og å spreie glede. I stillinga vil du være ein representant for reiselivet i regionen, samt ha ei koordineringsrolle .

Visit Sognefjord er reisemålsselskapet for Sognefjord-regionen i Sogn, med 200 medlemsbedrifter og strekk seg over 7 kommunar. Selskapet har ansvar for profilering, marknadsføring og sal av reiselivsprodukt og reisemålet i alle aktuelle marknadssegment. 

Aurland Hamnevesen KF er eit kommunalt føretak som blant anna driv cruisekaia i Flåm og forvaltar kaiar og kairelaterte områder i Aurland Kommune. Flåm har posisjon som ein av dei leiande cruisehamnene i Noreg, samt at området er eit ettertrakta reisemål for nasjonale og internasjonale gjester

Me søker personar som: 

·         Er serviceinnstilt

·         Har stoltheit og eigarskap for regionen

·         Kan jobbe sjølvstendig, men og i team

·         Er fleksible

·         God fysisk form

·         Har grunnleggande kunnskap om reiselivet i Flåm og i regionen

·         Har god formidlingsevne

·         Snakkar norsk og engelsk, men og fordel med kjennskap til andre språk

Me tilbyr: 

·         Gode løns og arbeidsvilkår

·         Grundig opplæring i arbeidsoppgåvene

·         Varierte arbeidsdagar

·         Pulserande og internasjonalt arbeidsmiljø

·         God reiselivsbasert arbeidserfaring

·         Arbeidserfaring innan kundetilfredsheit, logistikk og kommersielt reiseliv

Me vil totalt tilsette 2-4 personar i perioden Juni – August. Arbeidsplassen vil primært være i kundesenteret til Norways Best i Flåm , men periodar i Gudvangen, Undredal eller Aurland kan førekomma. Ei perfekt stilling for deg som har skuleferie, er reiselivsstudent eller som vil bruke sommaren på å møte folk og være ein ambassadør for området vårt.

Søknad sendast til post@aurlandhavn.no eller post@sognefjord.no 

Kontaktpersonar for stillinga er: 

Jon Olav Stedje, driftsleiar Flåm Hamn. jonolav@aurlandhavn.no, 97627382

Renate Kvåle Hagen, marknadssjef Visit Sognefjord. Renate@sognefjord.no, 97772839 

Søknadsfrist: 7.mai

Previous
Previous

Aurland Hamnevesen KF - Høyringsvar NOU 2023:10 - Leve og oppleve - Reisemål for en bærekraftig fremtid

Next
Next

Press release: Innovative energy solutions for future destinations (English)